Velkommen til Askvoll småbåthamn og gjestehamn.

Askvoll Småbåtlag blei stifta 23.02.1982. Hamna i Olsetvikane og Alléhamna i sentrum som begge høyrer til Askvoll Småbåtlag har jevnt og trutt blitt oppgradert. I 2013 med nye flytebrygger med tilhørande uteriggarar og strømpåler i Alléhamna, og i 2015 med nye moderne strømpåler til bobiler og campingvogner på campingplassen ved Alléhamna.

Olsethamna blei ferdigstilt med nye brygger med tilhørande nye strømpålar og vannpostar rett etter påske i 2016. Standarden i Olsethamna er no den samme som i Allèhamna.